Vedtak 90/23
Tvist om fortrinnsrett for deltidsansatte etter arbeidsmiljøloven § 14-3 mellom A og B kommune.
Beskrivelse
Avdelingssjukepleiar i stilling på 50,7 prosent nattevaktstilling ved en sjukeheim i kommunen, fekk fortrinnsrett til deler av utlyst stilling med 5 prosent. Arbeidsgivar hadde lyst ut ei ledig stilling i 63,38 prosent, og meinte at det ville være ei vesentleg ulempe å auke stillinga til arbeidstakaren ved å gje delvis fortrinnsrett, fordi det ville ha vore vanskelegare å rekruttere i stillinga i ei mindre stillingsstørrelse. Dette grunna arbeidsgivaren med at to av søkjarane under intervjuet til stillinga hadde svart at de ikkje var interessert i ein lågare stillingsandel enn den utlyste, og at dei kom til å trekkje søknaden om det ble tilfelle.
Nemndas fleirtal kom til at dette var ei generell ulempe. Reststillinga var på 58,38 prosent og det var i saken opplyst at dette var en vanlig stillingsandel blant nattevaktstillingar. Nemnda sitt fleirtal la til grunn at arbeidsgivar ikkje hadde prøvd å lyse ut/rekruttere i ei lågare stilling, og difor kom fleirtalet til at arbeidsgivaren ikkje hadde sannsynleggjort at det var ei vesentleg ulempe ved å innvilge fortrinnsrett.
Dissens.