Vedtak 111/21

Tvist om fortrinnsrett for deltidstilsette etter arbeidsmiljølova § 14-3

Saksnummer: 111/21

Dato: 24.09.2021

Utfall: Ikke medhold

Vedtaksdokument

Beskrivelse

Avdelingssjukepleiar natt i stilling på 50,7 prosent fekk ikkje medhald i krav om fortrinnsrett til ca. 18 prosent av eit vikariat i same type stilling. Nemnda kom til at arbeidsgivar hadde oppfylt sine pliktar etter § 14-3 ved å tilby utviding av sjukepleiaren si noverande stilling tilsvarande storleiken på kravet, sjølv om det innebar ei større helgebelastning enn arbeidstakar ønskte. Nemnda viste til tidlegare avgjerder og ei uttale om at fortrinnsrett ikkje inneber at arbeidstakar kan plukke delar av utlyste stillingar på bakgrunn av arbeidstid, og at nemnda ikkje har kompetanse til å innvilge stillingsutvidingar med ei bestemt arbeidstid. Einstemmig.