Vedtak 154/21
Tvist om rett til redusert arbeidstid etter arbeidsmiljølova § 10-2 fjerde ledd
Beskrivelse
Klaverpedagog fekk medhald i krav om redusert arbeidstid med 20 prosent. Ho hadde tre barn under 10 år og oppfylte dermed inngangsvilkåret om at det må ligg føre «vektige velferdsgrunnar». Vidare fann nemnda at hennar behov for redusert arbeidstid var stort, då båe ho og ektemannen hadde arbeidstid på ettermiddag og kveld, slik at det visse dagar kunne bli vanskeleg å få barnepass. Nemnda meinte at kommunens behov for å nytte vikar over ein lengre periode var ei generell ulempe som ikkje ville gi større utfordringar i den saka enn elles, og at det dermed ikkje utgjorde ei vesentleg ulempe. Sjølv om arbeidstakar hadde søkt om reduksjon fram til barna var store nok til å klare seg utan tilsyn, fann nemnda det hensiktsmessig å datofeste perioden med redusert arbeidstid, slik at det blei forutsigbart for partane. Einstemmig.