Vedtak 81/21

Tvist om fortrinnsrett for deltidstilsette etter arbeidsmiljølova § 14-3.

Saksnummer: 81/21

Dato: 24.06.2021

Utfall: Ikke medhold

Vedtaksdokument

Beskrivelse

Kokk i 90 prosent stilling ved eit lite institusjonskjøkken fekk ikkje medhald i krav om fortrinnsrett til 10 prosent av ei utlyst kokkestilling på 35 prosent same stad. Nemnda viste til forarbeida og at det skal liten konkretisering av negative verknader til før ulempa ved oppdeling av ei stilling blir sett som vesentlig. Nemnda la til grunn arbeidsgivarens opplysningar om at bemanninga er planlagt ut frå kva som skal til for ei tilfredsstillande oppgåveløysing, og at det er vanskelegare å rekruttere til ei reststilling på 25 prosent som skal ha arbeidstid to dagar kvar veke. Einstemmig.